Apr 282012
 


«Med det same Judas hadde teke imot beten, gjekk han ut. Det var natt.» Johs. 13, 30
Judas var òg med då læresveinane åt påskemåltidet saman med Jesus. Men det er truleg at han ikkje var med då Jesus laga til nattverden.
Det står fortalt at Jesus sa at den som skulle svika han, var «han som eg gjev den beten eg no duppar i fatet». Og vidare: «Med det same Judas hadde teke imot beten, gjekk han ut. Det var natt.»
Det var berre Jesus og Judas som forstod dette. Fleire kunstnarar har måla Judas med eit mørkt ansikt, då han gleid ut døra. Det var heilt sikkert mørkt i Judas sitt hjarta. Han tenkte alltid på det same. No skulle han gå til Jesu fiendar og få desse stakkars pengane. Det var natt ute, og natt i Judas si sjel.
Det vert berre svarte natta for den som svik Frelsaren. Somme svik han med sår lengsel og vondt samvit. Andre vert bitre og harde. Det er mange mørke saker som herjar som ett haustvêr over menneskesjelene i dag. Somme har rota seg bort i vanskelege pengesaker. Andre har stygge umoralske affærer som skal løynast og lygast bort. Alt dette er så farleg, fordi det er så vanskeleg å erkjenna og få fram i ljoset.
Så vert i staden Jesus seld, og sjelefreden er borte.
Då kjem natta sigande inn over livet. Det vert å leva i ei dobbelstilling, og så vert påkjenninga for hard både for trua og for nervane.
Skal du vinna i livet, må du gå til Jesus og erkjenna dine brotsverk.
«Jesus bankar på. No du opna må.
Då den gode hyrding dreg med si frelsa inn til deg.»
Elles vert det berre natt, alltid!
(T.Tungland)

Sorry, the comment form is closed at this time.