May 122012
 


Be, så skal de få. Leita så skal de finna. Banka på, så skal det bli opplate for dykk. Matt 7, 7
Når me kjem til Gud og vil be han om noko, bankar me ikkje på ei stengd dør som ingen lèt opp, me går heller ikkje til ein tronghjarta rikmann om helst såg at me heldt oss borte. Nei, me går til han som har sendt bod etter oss og lært oss å be, og lova at me skal få.
Mange såg på bønna som eit bod, ei tung plikt som Gud har lagt på oss, ei bør som skal syna oss vår vannmakt og hans allmakt. Men slik er det ikkje. Bønna er ei dør inn til hjelp i rett tid. Bønna er ikkje eit åk, men venger, ikkje plikt, men rett. Bønna er ein rett for den hjelpelause.
Når alle andre vegar er stengde for oss her i verda, når all jordisk makt er vannmakt, då kan me leggja hendene våre i hop og stiga fram for Gud, vår Far, og be han om det me treng. Alt som møter oss i livet kan me seia til han, alt, heilt frå det å be om frelse og syndstilgiving og ned til dei minst småting i det daglegdagse strevet. Ingen ting er for smått for han å høyra på av det som borna hans må stri og stella med her i verda. Også i dag kan me leggja liv og arbeid, helse og vanhelse fram for han i bønn.
«Når de kallar på meg og kjem til meg med bønene dykkar, vil eg høyra på dykk. Når de søkjer meg, skal de finna meg. Ja, søkjer de meg av eit heilt hjarta lèt eg dykk finna meg,» seier Herren. Jer 29, 12–14a.

Den ringeste småting som kommer i din vei,
å, si det til Jesus, så vil han hjelpe deg!
Nei, intet er for lite
din Frelser å betro.
Å, si det kun til Jesus
så får ditt hjerte ro!
(L.Hope)

Sorry, the comment form is closed at this time.