May 302012
 


Den store, enkle livskunsten ligg i dette eine; å sjå Jesus. Alt det me søkjer å få sjå og eiga utanom han, òg i frelsessaka vår, er utan verdi viss me ikkje ser han. Men får me synet vendt mot han som bar syndene våre på sin lekam, nagla skuldbrevet til krossen og forlikte oss med Gud, då ser me oss sæle i han.
I han er alt ordna med Gud for oss. Der er fredspakta underskriven med Guds og Menneskesonens blod og der er døden overvunnen og det evige livet gitt til alle som trur.
Når djevelen freistar, når synda lokkar og verda vil fanga oss, kan synet på Jesus redda oss frå alt dette fordi me i han ser nåde og utløysing. Kjem sjukdom, sorg og armod og bankar på døra vår, kan me med synet på han sjå opp til Gud som far og takka han midt i storm og mørke fordi han lèt alle ting tena oss til gode. Og i den siste striden vår, når alt svikta i oss, når me er for veike til å be, ja, til å dra eit einaste sukk, då er det nok å sjå han som ikkje støyter nokon ut og som skal fylla alle himlar med frelste syndarar.
Når den siste skuggen av denne verda forsvinn i ljoset frå det nye Jerusalem og augo våre skal sjå kongen slik han er, då har me nått den høgaste lukke som livet kan gi. Slik som havet fyller fjorden med vatn til same høgda som det sjølv har, slik skal det frelste mennesket bli likt Gud, utan å vera Gud.
«Me veit at når han openberrar seg, skal me verta han like, for me skal sjå han som han er.» (1 Joh 3, 2b).
(L.Hope)

Sorry, the comment form is closed at this time.