Jun 132012
 


Natanael trudde han var både gøymd og gløymd der han sat, men nettopp då såg Jesus han. Han fekk ikkje vita det då han sat der under fikentreet, at Jesus såg han, men han fekk vita det seinare.
Ser me på denne hendinga frå ein indre og åndeleg synsstad, veit me at det Natanael opplevde har hendt med så mange av oss. Synd og sorg og tvil hadde lagt seg over sjela, alt sveipte seg om oss som ei mørk natt, og me trudde me var gløymde både av Gud og menneske. Men då såg Jesus oss òg. Me visste det ikkje, men me fekk vita det seinare, og når me no ser tilbake på den tida, undrar det oss at me ikkje såg han då.
Også no er her mange som sit einslege og trur dei er forlatne av både Gud og menneske. Eit mislukka liv, med synd på synd, har gjerne ført deg inn i denne tanken at du er bortvist og gløymd av alle. Men det er ikkje sant, Frelsaren ser deg nettopp der du er no. Om ikkje du ser han, ser han deg. Herren er så visst ikkje langt borte frå nokon av oss. «Tek eg morgonrodens venger på og slår meg ned der havet endar, så fører du meg endå til der, di høgre hand, ho held meg fast,» seier David. (Salme 139, 9–10)
(L.Hope)

Sorry, the comment form is closed at this time.