Sep 132012
 


De er saltet på jorda! (…) De er ljoset i verda! Matt 5, 13a og 14a
Guds folk er den salte straumen i folkehavet, den fornyande krafta i menneskelivet og fyrtårnet som sender ljosstrålane sine ut i verdsens mørke natt. Utan dette ljoset ville alle vore i mørke, og utan dette saltet ville alt gått mot oppløysing og død.

La oss merkja oss at Jesus seier at me er salt og ljos! Dette «er» har me så lett for å skriva om til «skal vera». Men slik seier ikkje Jesus det. Han seier at me «er». Når så me har skrive «er» om til «skal vera» brukar me ordet til klage og dom over Guds folk. Men Jesus har gitt oss ordet til lærdom og trøyst.

Så visst som sola lyser og vermer og saltet svir i opne, friske sår, så visst er Herrens folk saltet på jorda og ljoset i verda. Jesus har sagt det, og livet ned gjennom tidene har synt at han snakka sant. Gjennom den innverknaden som kristne har i heim og nabolag, i arbeidsliv, forretning og politikk, gjennom å kunngjera Guds vilje i lære og liv alle stader der dei er, blir dei som den salte straumen i folkelivet og som ei lysande sol for menneska.

Denne store æra skal leggja den gleda i sinnet vårt at me ikkje lever til fånyttes, og ho skal og lokka oss til større ansvarskjensle og til å leva eit meir heilagt liv.

Send brødet ditt utover vatnet, for lenge etterpå finn du det att!

L.Hope

Sorry, the comment form is closed at this time.