Mar 242013
 

asenfole Palmesøndag set Sions konge seg på ryggen til ein eselfole, og augo hans er fulle av tårer. Han kjem ikkje på ein stolt stridshest i brodden for ei stor hærmakt, nei, audmjuk sit han på ryggen til eit kløvdyr. Han rir heller ikkje inn i byen for å bli krona til konge i Israels heilagdom, men for å kjøpa oss frå jorda til Gud med blodet sitt. Her er han som vil fagna deg med sin kjærleik, her er han som vil gagna deg med sitt blod. Ein slik konge passar for oss fordi han kan løysa «kvar syndebunden træl». Slik han kom den gongen, slik kom han til oss òg. Han kom då mor bøygde kne attmed vogga, han kom i skule, i kyrkje, i bedehus, i skog, i berg og dalar. Han kom då me drog ut frå barndomsheimen, ut i ei kald og syndefull verd med livsens vårsol over oss, han kom når natt og storm i livet gjorde oss urolege og tunge om hjarta. Han kom og ville frelsa det som var fortapt. Slik kom han til meg, og slik kom han til deg òg. Tok du imot han? Gjorde du ikkje, så ta imot han i dag. Han står for døra og bankar no. Opna opp for han, og han skal frelsa deg og i nåde føra deg inn i det evige riket sitt. Den største synda noko menneske kan gjera, er å stengja han ute.
(L.Hope)

Sorry, the comment form is closed at this time.