Mar 282013
 

Via dolerosa
Golgata! du underfulle, heilage haug. Når me tek namnet ditt på tunga, fer det gjennom ånda vår ein pust av djupt alvor, ei stille glede og ein hjartans takk. Fram mot deg har menneska stirt og lengta i tusentals år, og tilbake til deg vil dei sjå så lenge dagane varer. Slik som sola lyser for jorda, er du med krossen din det einaste ljoset vårt.
Golgata! der møter me Gud og menneske i ein person, hangande på eit tre. Der møtest Gud og menneske til forlik, der får synda dommen sin, straffa si og døden sin, og der blir ormehovudet knasa, fiendskapen ihelslegen og freden underskriven med blod. Der blir himmelen og porten inn til livsens tre opna, der kjem Gud til møtes som venn og som far og der blir nådestolen reist så me kan stiga fram for den heilage med fritt mot og få miskunn og nåde til hjelp i rette tid.
Golgata! hytta vår på den vonde dagen, ljoset vårt i mørket, de faste berget midt i det stormande havet, hamna for søkkjande skip, ankergrunnen for sjelene våre og vegen til det evige livet gjennom grava.
Golgata! verda hatar deg og trur ho kan finna veg og hamn utan deg; men me veit for visst at når alle ljosa som menneske kveikte, har slokna, då lyser du i natta og leier alle som trur, inn til den evige, fullkomne dagen.
(L.Hope)

Sorry, the comment form is closed at this time.