Mar 312013
 

Jesu lever. Graven er tom

«Sidan du har sett meg, trur du! Sæle dei som ikkje ser og endå trur!» Johs. 20, 29

 

Dersom nokon plagast av tvil, så er dette eit godt ord. «Sæle dei som ikkje ser og endå trur!» Det lokkar ein til å koma seg ut or tvilen og inn i Ordet åleine.
Det ser ut til at trua hjå Guds folk må ha sine tider då Herren riv alle støtter bort, for at ho skal læra å kjenna Jesus betre.
Det er ikkje så vanskeleg å tru når ein har gode kjensler, godt venelag og rike opplevingar i Guds rike. Det er heller ikkje så vanskeleg å tru på Gud i timelege saker så lenge ein ser at alt går med.
Men så kjem det andre tider, tider då Herren reinsar trua. Ein mister gjerne hugen til å vera saman med

Jesu lever. Graven er tom

Guds folk. Det vert liten trong til bibel og bøn, og ein er ikkje lenger varm for Herrens sak.
«Jeg var da vel fornøyet når rørt jeg følte meg, men var jeg mindre bøyet, min ro snart fjernet seg.»
Kva skal ein då gjera?
Svaret er: «Sæle dei som ikkje ser og endå trur.»
Rosenius spør: «Går det an å tro på Guds nåde når en ikke føler den, men tvert imot kjenner seg kald, i åndelig tørke og vanmakt?»
Og han svarar: «Det ikke bare går an, men det er det eneste riktige. Det er jo nettopp dette Frelseren vil.»
Det er på denne måten du gjer dei herlege erfaringane. Ordet åleine vert berga som trua kviler på: Ordet om Jesus.

(T.Tungland)

Sorry, the comment form is closed at this time.