Dec 122013
 

005-john-baptist-prison

Johannes sit i fengsel.

Då han stod i si beste kraft, med mot til å leva og med vilje til å bera sanninga fram i eit gudlaust folk, vart arbeidet hans brote tvert av. Det mørke fangerommet og den tunge livslagnaden har tært på kreftene, og i svevnlause netter kom tvilen: Tok eg feil av kallet mitt? Sa eg noko usant då eg ropte ut: Sjå, der er Guds lam som ber verdsens synd? Alt går rundt for han, og tvilen tærer og gneg.

Den fornuftskloke og sjelesjuke ætta er herja av tvil. Også mange av Guds beste vitne, som ei tid i livet sitt bar bod til folket i ånd og sanning om Jesu, sit no tvilande motlause og med ei sår sjel. Er det sant det eg har sagt? Var eg rett omvendt? Er eg ein kristen, eller har eg aldri vore det?

Korleis skal me komma ut or ei slik mørk natt?

Eg veit berre eitt råd, det har eg sjølv prøvt og kan vitna av eiga røynsla at det er gagn i det. Kva for eit råd er så det? Jau, det er å gå til Jesus med tvilen, og seia rett ut korleis det står til. Sei at du tvilar, og kva det er du tvilar på. Då tek han tvilen bort. Me kan ikkje tenkja eller diskutera oss bort frå tvil, men Jesus tek tvilen bort, om han får lov. Korleis det går føre seg, veit eg ikkje; eg veit berre at han gjer det.

(L.Hope)

Sorry, the comment form is closed at this time.