Dec 242013
 

christ_the_savior_is_born_1

Slik som slaga frå juleklokkene syng ut over dalar og strender kvar jul, slik lyder ordet frå slekt til slekt om Frelsaren som var fødd. Me treng ein frelsar. Me er i naud. Djevelen, synda og døden fann oss og slo oss til jorda. Ingen kan meir reisa seg med eiga makt.

Men han som måtte låsa porten for oss til livsens land, lova å finna utveg til å opna han att. Det er uråd for oss å forstå det, men Bibelen fortel at alt før verda vart grunnlagd, hadde Gud ordna med hjelpa. Og då tida var der, kom han sjølv til jorda og vart frelsaren vår. Han som har skapt alle ting, han lèt seg leggja på nokre høystrå i ein stall, og det gjorde han for å gjera oss rike med sin fattigdom. No reknar ikkje Gud med oss lenger, no reknar han med han som sa: “krev av meg!” Han har stige inn i vår ætt, som menneske blant menneske, som den andre Adam, slik at han kan ta bort det vonde den første gav oss i arv.

I glede over det som no blir oss menneske til del, syng englar og himmelhærar lovsongstonar opp til Gud og bodet om frelse til oss her nede. Kom då og syng med, alle som har hjarta, munn og mæle, og la oss tilbe han som kom og ville frelsa oss fortapte!

(L.Hope)

 

Sorry, the comment form is closed at this time.