Apr 022015
 

jesus-washing-disciples-feet-by-takla

“Så slår han vatn i vaskefatet og tok til å två føtene åt læresveinane og turka dei med linkledet som han hadde bunde kring livet.” Johs. 13, 5

Jesus var samla med læresveinane sine den siste kvelden. Å vaska føtene til gjestane var husslavane sin jobb. Her, skjærtorsdagskvelden, er det Jesus som utfører denne gjerninga.Dette heng nok nøye saman med den diskusjonen som læresveinane hadde tidlegare, der dei tretta om kven som skulle vaska føtene, sidan dei ikkje hadde nokon tenar.

Då reiser Herren og Meisteren seg. Han går frå mann til mann. Vaskar og turkar. Ein kan berre tenkja seg til korleis læresveinane skjemdest etter kvart som Jesus kraup fram etter golvet, med vaskefatet.Dette syner oss kor djupt mørkret rår der inne i menneskesinnet. Endåtil i nærleiken av Jesus går det an å tenkja så svarte tankar, ja, jamvel trettast om det å vera den største. Og det var Jesu læresveinar, dei næraste venene han hadde på jorda.

Jesus var god. Han var heilag og rein. Han kom ifrå himmelen, “ikkje for å la seg tena, men for sjølv å tena”. Han, himmelens konge, han kunne vaska føtene til læresveinane. Han kunne gje alt.I nærleiken av han vert me så uendeleg små. Våre motiv vert uklåre og ureine. Me kjenner trong til å be:

“Gi meg ditt rene og hellige sinn -.” (T.Tungland)

Sorry, the comment form is closed at this time.