Apr 152015
 

SaintThomasApostle

Ordet «tvil» rommer i seg så mange ting. Her les me om ein Jesu læresvein som ikkje kunne tru. Stakkars Tomas. Han hadde ikkje vore saman med dei andre då Jesus openberra seg for dei. Når så dei andre læresveinane fortalde om møtet med Herren, kunne han ikkje tru det.

Ein kristen kan nok få slike tunge stunder. Han har vore saman med Jesus før, og han er glad i Guds folk. Men så kom mørkret sigande som ei sky, og la seg som ei kald skodde inn over trueslivet. Korleis er det å vera ein rett kristen? Må han ikkje elska Jesus? Og kvar er Andens frukter i mitt liv? Desse og liknande spørsmål gneg i hjarta. Så kjem ei røyst og seier: Du kan visst berre slutta med å vedkjenna deg Jesus. Du får aldri til å tru slik som du skulle likevel.

Du som har det såleis, liknar Tomas. Men sjå: Jesus gløymer ikkje Tomas. Jesus kjem til han nettopp som han sit der sturen i sin eigen tvil. – Eg må få sjå sår-merka om eg skal tru, for eg såg at han døydde, tenkjer Tomas. Dette veit Jesus. Er det ikkje stort å få sjå at Jesus aldri gløymer den som slit med tvilen.

For det andre: Legg merke til den milde, kloke og omsorgsfulle måten Jesus talar til han på: «Kom og sjå at det er eg.» Orda frå Jesus til Tomas er ord til alle tvilarar: «Kom med fingeren din, og med handa di. Sjå såra mine. Det er eg.» (T.Tungland)

Sorry, the comment form is closed at this time.