Dec 232016
 

betlehem

Det har alltid vore trongt for Jesus her i verda, og det ser ikkje ut til å blir betre heller, tvert om. Alle veit nok no at han er god, men han er for god; han passar ikkje for sjølvgode menneske som helst vil leva etter lystene sine. Me kan nok byggja kyrkjer og altar for han, og på høgtidsdagar og ved ei grav kan me så gjerne syngja om han og himmelen hans, men så får det òg vera nok. Livsmålet vårt er å leva slik me lyster utan å ha noko med Jesus å gjera, men når me døyr, skal han vera så god å ha ei dør open for oss inn til himmelen. Det skulle berre mangla at han ikkje gjorde det!

Slik tenkjer og lever folk flest. I livet vil dei ingenting ha med Jesus å gjera, men når dei døyr, gjeld det framom alle ting å komma til han. Han som må stå utanfor hjartedøra, heimen, forretninga, selskapslivet og alt du tek deg føre i livet, han skal ha rom til deg i himmelen. Der vil du inn! Kva skal du gjera der? Du får ikkje noko nytt sinn i døden; det må du få her. Nei, den Jesus som du ikkje har rom til, har heller ingen himmel for deg. Vil du har rom hjå Jesus når du døyr, må du ha rom for han mens du lever.

Men du og eg som ein gong gav han rom, la oss vera på vakt og halda oss borte frå alt som vil gjera plassen for Jesus mindre i livet vårt! Her er trongt for Jesus òg hjå mange av oss kristne. Denne verda dårar og dreg så mange, òg av Herrens små. (L.Hope)

 

 

 

 

 

 

Sorry, the comment form is closed at this time.