Nov 192011
 

 

Kiabakari Bibelskule vert driven av den Lutherske kyrkja i Tanzania, KKKT.Skulen ligg ved Viktoriasjøen nord-vest i landet, 1,5 times køyring frå grensa til Kenya, Isebania. Skulen vart bygd i 1997 med midler frå NLM. På skulen er det ansatt misjonærar frå Noreg og Danmark/Færøyene, desse er ansatt på skulen og utsendt av NLM og DLM (Dansk Luthersk Misjon).                                                                                                                                                                                                                                                                            Skulen har ca. 400 mål med jord som dei dyrkar bøner, mais og solsikker til mat til elevane. I tillegg har dei eit grishus som rommar rundt 60 gris, dette vart oppsett i mai 2011. Ein dugnadsgjeng frå Noreg var med på dette. Til å dyrke jorda har skulen to traktorar av typen Massey Ferguson, på hendholdsvis 50 og 65 hk. Dei driv og ein møbelverkstad, der elevane får delta i sløyd som valgfag.                                                                                                                                                                                                                  September/oktober 2011 var ein dugnadsgjeng på fem, beståande av Thomas Helgeland, Ruben Veland, Kjetil Nes, Morten Eriksen og Arvid Krogedal  nede for å hjelpe til med oppføring av eit tak på ny lagerbyggning og nybrotsdyrking av jord. Vegard Mong, Jon Olav Nessa og Stian Vadla var og nede i 2010. Tre tømmermenn på taket, og to ”bønder” på jordbruksarbeid. Resultatet av jordbruksdyrkinga etter endt opphold vart ikkje som forventa pga. mykje uforutsette utfordringar. Men taket på lageret derimot gjekk knirkefritt. Pancha, som tyder pungtering på swahili, vart eit ord som me lærde oss fort. Dårlege dekk og stikkertar med kraft som ei gjerdekrampe var ein dårleg kombinasjon.

Traktorane var i nokså dårleg forfatning. Oljesveiting i stor grad og koking var og eit problem. To av ”bøndene” hadde bakgrunn som landbruksmekanikar, og dei konkluderte med at det ikkje var noko gagn i å kosta på traktorane så mykje som dei krev. Ein ny traktor var ei betre løysing. Me reiste heim til Noreg med friskt mot.

 

Innsamlinga byrja i april 2011 og har til nå runda 150 000 NOK. Målet er 300 000 NOK. Prosjektet går for tilnamnet ”Tanzania Prosjekter”. Prosjektgjengen har undersøkt på prisar på ny traktor i Tanzania eller å importere frå Europa, og har funne ut at me må legge oss på rundt denne prisen. Prosjektet går i hovudsak ut på å få midlar utanom NLM sine kretsar.

Kan du tenke deg å vera med å støtta proskjektet, kan du gjer det ved å ta kontakt med: Thomas Helgeland: 97106503 eller Kjetil Nes: 47451777                                                                    

tanzaniaprosjekter@hotmail.no     Kntnr:32052309033

 

Sorry, the comment form is closed at this time.